Om Fjordsplorer
Fjordsplorer AS starta opp våren 2022, og vart etablert av gründer Kathrine F. Vindedal. Med lang erfaring innan reiselivsnæringa i Aurland og Flåm, har Kathrine lenge kjendt på at ho ein dag ynskjer å tilføye bygda noko ekstra.
Målet er å gjere heimplassen og den spektakulere naturen som følg med, meir tilgjengeleg på ein fleksibel og eventyrleg måte.
Vi i Fjordsplorer vil gi deg moglegheita til å oppleve bygda på eige premiss, samt kome nærare naturen på ein bærekraftig måte.
Vi vil vise at det er mogleg å ha det susande artig, samstundes som vi tek vare på moderjorda og det flotte landskapet rundt oss. Vi håpar at eit slikt tilbod vil vere attraktivt, da det ikkje berre er artig , men det får i gang blodpumpa og er sunt for både kropp og natur.